Prost Asgeir Sele

Prost Asgeir Sele

Prosten i Øvre Telemark heiter Asgeir Sele. Han har kontor saman med kyrkjestaben i Seljord, men er mykje på farten rundt i prostiet.  

Oppgåva til prosten er å leia prestetenesta i prostiet og saman med kyrkjelege råd og utval medvirka til et godt arbeidsmiljø, samarbeid og åndelig fellesskap innan dei kyrkelege arbeidslag i prostiet og bistå tilsette og kyrkjelege organ med fagleg veiledning, råd og støtte.

Prosten forvaltar arbeidsgjevar sin styringsrett overfor prestane i prostiet og har biskopen som sin overordna. Prosten er såleis næraste overordna for prestane i prostiet og skal sjå til at dei forvaltar Ord og sakrament slik at kristen tru og kristent liv vert fremja i kyrkjelydane. Prosten skal stimulera prestane til etterutdanning og medverke til at dei utviklar kompetansen sin i samsvar med fastsette mål og planar. Prosten skal også sørge for den nødvendige samordninga mellom prestetenesta og verksemda til dei kyrkelege råda.

Prosten er medlem av prostirådet, reiser på prostebesøk til kyrkjelydane i prostiet, deltek i førebuing og gjennomføring av bispevisitasar, innset prestar, kateketar, kantorar og diakonar. Prosten skal også gje uttale i saker som gjeld tilhøve i prostiet og i ein del tilfelle også saker som gjeld bispedømmet eller heile Den norske kyrkja.

 


Del denne artikkel på e-post