Om Ønsket og Elsket

Om Ønsket og Elsket

Ønsket og Elsket er eit ungdomsarbeid i Den norske kyrkja i Øvre Telemark prosti. 

Kva gjer vi? 

Vi arrangerer felles tiltak for konfirmantane i prostiet og vi driv eit leiarprogram for ungdomsleiarar frå etter konfirmasjonsalder og oppover.

I slutten av april arrangerar vi Konf. Kick-off for alle 8. klassingar i prostiet, på Dyrskuplassen i Seljord. Om sommaren er det konfirmasjonsleirar på Gjennestad vgs. i Stokke, der konfirmantane er ei veke på leir, noko som utgjer omlag halve konfirmasjonstida deira. For konfirmantar som av ulike grunnar ikkje får vore med på sommarleirane har vi eit felles pilegrimskonfirmantopplegg. På våren har vi konfirmanttreff i Seljord, med turneringar, konkurransar, aktivitetar og informasjon om Kirkens Nødhjelp og Fasteaksjonen. 

I leiarprogrammet vårt er ungdomsleiarane med som leiarar på alle arrangementa for konfirmantane. I tillegg har vi eigne samlingar, turar og leirar for leiarane gjennom året. Alle som vi vera leiarar på konfirmasjonsleirane om sommarane på følgje vårt leiarprogram. 

 

Kvifor? 

Vi ønsker å gje ungdom gode opplevingar saman med andre, og å formidle at alle er ønskja og elska, av Gud og i fellesskapet vårt. Det gjer vi ved å skape arenaer der ungdom kan vere saman og ha det gøy, og med stort rom for å dele tankar om Gud og tru. Vi ønskjer å byggja store og robuste fellesskap, med Jesus som eit tydeleg sentrum, der ungdommane både kan få oppleva å vere ein del av noko større, samtidig som det er eit trygt og godt miljø der alle blir sett og er velkomne. 

 

Kven? 

Ønsket og Elsket er eit arbeid for kyrkjelydane i Øvre Telemark prosti. Per i dag er kyrkjelydane i desse kommunane med i arbeidet: Nome, Sauherad, Notodden, Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Tokke, Vinje, Fyresdal, Nissedal og Bø. 

Prostirådet i Øvre Telemark er øvste organ. 

Ungdomsprest Petter Jakobsen er dagleg leiar og hovudansvarleg for arbeidet,  saman med tilsette i kyrkjelydane. 

 

For informasjon eller spørsmål om Ønsket og Elsket, kan du ta kontakt med Petter

på tlf.: 909 51 409 eller e-post: petter@seljordkyrkje.no

 

Lik oss på Facebook! 


Del denne artikkel på e-post