Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

Kutt i prestestillingar

Kutt i prestestillingar

Grunna stram økonomi i bispedømmet har Bispedømmerådet sett seg nøydd til å kutte 1,9 presteårsverk og eitt årsverk i administrasjonen. Stiftsdirektøren fekk fullmakt til å gjennomføre nedbemanninga og har gjeve prosten i Øvre Telemark i oppdrag å kome med forslag til kutt i inntil eitt årsverk i prostiet her.

Ei slik nedbemanning er ein omfattande prosess som krev mange møter også lokalt i prostiet. Fagforeiningane har vorte informerte av prosten og det vart halde informasjonsmøte for soknerådsleiarar, fellesrådsleiarar og kyrkjeverjar i Hjartdal og Notodden kommunar der dei vart informerte om at prosten vurderte å foreslå kutt i prestetenesta i dette området. Soknerådet i Lunde og Flåbygd vart på si side informert om at stillinga som sokneprest ikkje ville verte lyst ut, men at det vart arbeidd med å overføre ein prest frå annan stad i prostiet. Alle prestar i prostiet vart informerte på tenestekonferanse og dei fem prestane i Hjartdal og Notodden har vore inne til kartleggingssamtale med prosten før soknerådet i Lunde og Flåbygd fekk møta presten som etter kartlegginga synte seg å vera aktuell som ny sokneprest der

Alle partar har vist ein svært konstruktiv samarbeidsvilje i prosessen, og prosten er svært glad for å kunne presentere ei løysing der alle prestane har gjeve si tilslutning til dei endringane som omhandlar dei sjølve: 

 

  1. Stillingsressursen i Hjartdal vert redusert frå 100% til 80%.
  2. Stillingsressursen i Notodden, Heddal, Gransherad og Lisleherad vert redusert frå 380% til 320%.
  3. Kapellan Ragnhild Halden vert sokneprest i Lunde og Flåbygd frå 1. august -17 (sjå eiga sak)
  4. Terje Nyvoll Todnem held fram som sokneprest i Heddal.
  5. Liv Espeland Jettestuen vert sokneprest for sokna Notodden, Gransherad og Lisleherad.
  6. Anne Berit Sunde vert spesialprest i sokna Notodden, Gransherad og Lisleherad.
  7. Lene Skov Opsahl held fram som sokneprest i Hjartdal i 80% og utfører kyrkjelege handlingar i Notodden, Gransherad og Lisleherad i resterande 20%.
  8. Ved ei eventuell ledighet innan to år i stillingane sokneprest i Hjartdal og spesialprest i Notodden, skal den som er att ha fortrinnsrett til den andre stillinga. 

På denne måten vil me spare inn 80% stillingsressurs.Me har fått ei ordning som alle partar kan leve godt med, og me kan realisere endringane forholdsvis raskt, dvs. sommaren 2017 når Rune Rasmussen går frå vikariatet i Lunde og Flåbygd til permanent stilling som integreringsprest.

I samarbeid mellom prestane, prosten, sokneråda og kyrkjeverjane, vil det framover våren verta gjort eit omfattande arbeid med gjennomgang av alle stillingsbeskrivelsar og gudstenesteforordningar, for å sikra at dei attverande ressursane vert nytta på best mogeleg måte.


Del denne artikkel på e-post