Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

Ragnhild Halden ny sokneprest i Lunde og Flåbygd

Ragnhild Halden ny sokneprest i Lunde og Flåbygd

Denne veka vart Ragnhild Halden (35) utpeikt til ny sokneprest i Lunde og Flåbygd. Ho er for tida kapellan på Notodden, men er oppvaksen på Gvarv.

Teologistudiet tok Halden på Menighetsfaktultetet i Oslo, og hadde si første presteteneste i Nore og Uvdal frå 2009-2014. Ektemannen hennar er også frå Gvarv, og då dei for nokre år sidan byrja å tenka på å koma tilbake til Midt-Telemark, var Lunde og Flåbygd ein av dei stadane ho synte interesse for. Den gong vart det altså i staden kapellanstilling på Notodden, men no opna det seg eit nytt høve. Sidan bispedømmet av økonomiske årsaker har måtta kutte to prestestillingar og for tida har full stillingsstopp, vart den ledige stillinga i Lunde og Flåbygd ikkje lyst ut på den opne marknaden. Men sidan ei av stillingane som skal vekk må takast i Øvre Telemark, låg det til rette for ei intern rokering mellom prestane i prostiet. Prosten er veldig glad for at Ragnhild Halden var motivert for å gå inn i soknepreststillinga i Lunde og Flåbygd og at soknerådet har teke så godt imot henne. Til sommaren får heile kyrkjelyden møte den nye soknepresten. Dato for innsettingsgudstenesta vil bli fastsett med det første.

Halden er i gang med å byggje hus på Gvarv, og kjem til å flytte dit til sommaren. Ho er likevel oppteken av å vere tydeleg til stades i lokalmiljøet i Lunde. Frå Notodden er ho alt godt kjent med konfirmant- og leiartreningsopplegget «Ønsket og elsket» og ser fram til å vidareføre dette også i Lunde.


Del denne artikkel på e-post