Møte med den nye arbeidsgjevaren

Møte med den nye arbeidsgjevaren

Ved nyttårsskiftet vart alle statskyrkjeprestane overførte frå staten til det nye rettsubjektet Den norske kyrkja. 

Dette medfører at prestane har fått Kyrkjerådet som ny øverste arbeidsgjevar, og 16. mars møtte alle prestane i Agder og Telemark den nye arbeidsgjevaren sin på eit dagsseminar i Kristiansand. 

For første gong på 500 år driv staten ikkje lenger religiøs verksemd, men understøttar Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Kyrkjemøtet har no overteke mykje av det mynde som tidlegare låg i statsforvaltninga, og dette vert no forvalta av Kirkerådet på vegne av Kyrkjemøtet. Framleis står Den norske kyrkja nemnd i grunnlova som Noregs folkekyrkje, men alle nasjonale og regionale organ er no overførte til det nye rettssubjektet. Det same skjedde med lokalkyrkja allereie i 1997, då sokna vart eigne rettssubjekt, styrt av dei to organa soknerådet og fellesrådet.

Den norske kyrkja er altså ikkje lenger staten sitt religionsvesen. Men kyrkja har framleis ein ambisjon om å vera folket si kyrkje, ein tydeleg institusjon og tung samfunnsaktør i idéell sektor. Og sidan det er sterke tradisjonar for at staten støttar idéell sektor, som td. idretten, kulturlivet og Redningsselskapet, for å nemna nokon, er det heller ikkje unaturleg at staten også i framtida vil støtta livssynssamfunna. Men korleis dette skal skje, står no til debatt, og regjeringa har annonsert at eit forslag til revisjon av "Lov om trudomssamfunn og ymist anna" snart kjem på høyring. Her vil truleg ulike støtteordningar verta drøfta, mellom anna kyrkjeskatt og livssynsavgift.

Samstundes som staten drøftar former for understøtting av aktørane i livssynsfeltet, har Den norske kyrkja sjølv sett igang eit omfattande arbeid med revidering av kyrkjeordninga. Eit av dei store spørsmåla her er kven som skal vera arbeidsgjevar for dei mange tilsette i kyrkja. Skal arbeidsgjevaransvaret liggje på bispedømmenivå og eventuelt delegerast derfrå? Elles skal fellesråda overta prestane også og verta det organet som får arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette i kyrkja? Tida vil vise kva modell ein her veljer, og det er grunn til å tru at ligg mange år med store reformar framfor, før kyrkja finn si nye form.

Det som likevel er sikkert, er at kjerneoppgåvene til Den noske kyrkja er dei same som før: Forkynne evangeliet, byggje fellesskapet og drive trusopplæring og diakoni.

Biletet: Sokneprest i Bø, Axel J. Bugge, og sokneprest i Nissedal, Knut Bjørn Skyttemyr, var mellom dei 120 prestane som var i Krisitansand for å møta administrasonen i Kirkerådet. Giraffane i bakgrunnen har ikkje blitt med over i det nye rettsubjektet, og tilhøyrer framleis Dyreparken i Kristiansand.


Del denne artikkel på e-post