Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

Stor stemning på KONF-KICK-OFF

Stor stemning på KONF-KICK-OFF

Ikkje mindre enn 235 potensielle konfirmantar møtte opp til historiens første KONF-KICK-OFF i regi av Ønsket og Elsket, konfirmantsamarbeidet i Øvre Telemark prosti.

Alle 8. klassingar som tilhøyrer kyrkjelydane som har slutta seg til Ønsket og Elsket vart inviterte til Husdyrhalden på Dyrskuplassen denne laurdagskvelden. Fekting, rodeo, escaperoom og  hinderløype er berre nokre av aktivitetane dei kan velje mellom. I tillegg er informasjon om konfirmantleiren til sommaren og leiartreningsopplegget ein viktig del av programmet.

Høgdepunktet på kvelden er eit gedigent skumparty, med lyd, lys og uhorvelege mengder skum (bildet). I tillegg til dei 235 8.klassingane er 25 ungdomsleiarar med på å gjennomføra arrangementet.

No er det opp til kvar einskild 8. klassing om dei vil melda seg på konfirmantopplegget i sin lokale kyrkjelyd og såleis også bli med på leiren til sommaren eller det alternative pilegrimskonfirmantopplegget. Konfirmantkickoffet er ikkje obligatorisk for neste års konfirmantar, så alle som går i 8. klasse kan framleis bli med.

 


Del denne artikkel på e-post