Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

Bursdagsfest for Kirkens Nødhjelp

Bursdagsfest for Kirkens Nødhjelp

Då diakonatet for Vest-Telemark kom fram til at dei ville invitere til bursdagsfest for Kirkens Nødhjelp, stilte generalsekretær Anne-Marie Helland sjølv opp som predikant på gudstenesta og som kakeopnar på festen.

Det er i år 75 år sidan Kirkens Nødhjelp starta opp sitt verdsomspennande diakonale arbeid på vegne av dei protestantiske kyrkjene i Noreg. I år er det også 50 år sidan den årvisse fasteaksjonen vart gjennomført for første gong. 

Styret for diakonisamarbeidet i kommunane Tokke, Vinje, Fyresdal, Nissedal og Kviteseid meinte at dette måtte markerast på høveleg vis ved den årvisse diakonisamlinga i samband med årsmøtet.  Denne samlinga er alltid søndag etter påskedagen, og i år var Nissedal vertskap. Det heile starta med årsmøte i prestegarden for delegatar frå alle kyrkjelydane som er med i samarbeidet om prostidiakonstillinga. Etterpå var det festgudsteneste i Nissedal kyrkje, før det vart bursdagsfeiring med både snittar, marsipankake og KN-informasjon i bedehuset like ved kyrkja.

Det var svært godt oppmøte på alle tre arrangementa, og me såg kjente ansikt frå alle dei fem kommunane. Neste år skal samlinga vera på Dalen.

Publisert 23. april 2017 av  Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post