Fekk diakoniprisen

Fekk diakoniprisen

Kvart år sidan 1994 har Prostidiakonatet i Vest-Telemark delt ut ein diakonipris. I år fekk Inger Johanne Aaheim frå Fjone tildelt prisen til ståande applaus under gudstenesta til prostidiakonatet.

Nissedal er ein kommune på 1500 menneske. Konfirmantane er få, men likevel samlar dei inn nesten 30 000 kroner kvart år på Fasteaksjonen. Ein viktig grunn til dette er måten aksjonen vert organisert på. Denne organiseringa står Inger Johanne Aaheim på Fjone for. Det har ho gjort så lenge det har vore dør-til-dør innsamling i Nissedal.

I over tretti år har Inger Johanne trufast, i samarbeid med ulike prestar og varierande konfirmantflokkar, organisert den årlege fasteaksjonen. Inger Johanne er nok ein av dei som har lengst røynsle som KN-kontakt her i landet. Dette arbeidet krev kontakt med Kirkens Nødhjelp, tinging av materiell, rodeinndeling og kontakt med banken.

Til stades under prisutdelinga var diakonirådgjevar Erling Jakobsen frå Agder og Telemark bispedømme og både generalsekretær Anne Marie Helland og regionkoordinator Roald Guttormsen frå Kirkens Nødhjelp. Det var styreformann i diakonatet, Oscar J. Garnes, som sto for overrekkinga av prisen.

Publisert 24. april 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post