Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

Kyrkja og folket på 17. mai

Kyrkja og folket på 17. mai

Sjølv om relasjonen mellom kyrkja og staten er endra, er forholdet mellom kyrkja og folket det same. Difor er kyrkja og gudstenesta framleis ein fast programpost i nasjonaldagsfeiringa i alle dei 12 kommunane i Øvre Telemark.

Nokre stadar byrjar dagen med gudsteneste, og så går barnetoget frå kyrkja etterpå, slik dei mellom anna gjer det i Seljord og Heddal. Andre stadar går barnetoget til kyrkja, slik dei gjer det mellom anna i Bø og på Rjukan. Nokre stadar vert gudstenesta halden i kyrkja, sjølv om toget skal gå frå ein annan stad etterpå, men då stiller gjerne 17. mai komitéen opp med gratis buss, slik dei gjer i Austbygde. Andre kyrkjelydar har valt å følgja etter folket og leggja gudstenesta midt i folkemylderet, slik dei gjer på Fleirbrukshuset i Treungen og utanfor Bok og Blueshuset på Notodden. Nokre kyrkjelydar arrangerar også fest på ettermiddagen 17. mai, slik dei har lang tradisjon for på Solhaug i Lunde.

Å sentralisere feiringa 17. mai har ikkje vore lett i kommunar med tydeleg bygdestuktur. Truleg er det Vinje kommune som her har rekorden i prostiet, med ikkje mindre enn 5 tog og 5 gudstenester. Sokneprest Tor Eivind Erikstein har ikkje mindre enn fire av desse gudstenestene, og det er tvilsomt om han rekk særleg mykje pølser og is på si reise frå Grunge kyrkje, via Vinje kyrkje og Vinjehuset til Øyfjell kyrkje.  

Publisert 17. mai 2017 av Asgeir Sele.


Del denne artikkel på e-post