Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

Avskjed med Lene Skov Opsahl

Avskjed med Lene Skov Opsahl

Sokneprest i Hjartdal gjennom dei siste to åra, Lene Skov Opsahl, har fått ny jobb i Danmark. I dag tok Hjartdal kyrkjelyd avskjed med den folkekjære presten.

Under avskjedsgudstenesta i Sauland kyrkje spela jazzkvintetten der Lars Opsahl, mannen til Lene, har vore sentral. Lene heldt ei sterk preike der eit av hovedpoenga var at det motsette av synd ikkje er dygd, men tru. Prosten sto for den offisielle avtakkinga i kyrkja og heldt mellom anna fram evnen Lene har til å møta menneske på ein venleg og god måte. Han lova at alle som ville skulle få ordet etterpå på festen på menighetshuset. Folk let seg ikkje be to gonger, og til tider var det vanskeleg å få ete noko som helst, fordi den eine talaren avløyste den andre. Mellom desse var både soknerådsleiar og ordføraren i Hjartdal. Lene har innsetting i den nye kyrkjelyden sin i Danmark allereie andre pinsedag.

Publisert 28. januar 2017 av Asgeir Sele 


Del denne artikkel på e-post