Køntrigudsteneste i Heddal

Køntrigudsteneste i Heddal

Førstkomande søndag, 11. juni kl. 11.00, er det klart for køntrigudsteneste på plenen utanfor Låvekyrkja i Heddal for fjerde året på rad.

Gudstenesta er eit tverrkyrkjeleg samarbeid mellom Heddal kyrkjelyd, den lokale pinsemenigheten og misjonskyrkja lokalt. Køntrigudstenesta har vakse seg større for kvart år, og i fjor var det over 500 som møtte fram. I år kan du få høyra Jørn Rønningen, Salig blanding og Inge Røysland frå Himmelpartner.Det er lurt å ta med stol!

Publisert 7. juni 2017 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post