I Sverige for å drøfta ungdomsarbeidet

I Sverige for å drøfta ungdomsarbeidet

Sommarturen til prestane i Øvre Telemark gjekk i år til Åh stiftsgård ved Uddevalla i Sverige, og hovudtemaet var ungdomsarbeid og leiartrening i prostiet og kyrkjelydane. 

Konfirmant- og leiartreningsopplegget "Ønsket og elsket" veks seg stadig større, både med tanke på aktive ungdomsleiarar og deltakande kyrkjelydar på konfirmantleirane. Korleis samspelet mellom konfimantleirane, leiartreningskursa og arbeidet i lokalkyrkjelydane skal utviklast er eit viktig tema framover både for sokneråd, stabar og leiinga for "Ønsket og Elsket"

I fleire kyrkjelydar i prostiet har ein no svært gode erfaringar med  ministrantteneste som konfirmantane gjer i gudstenestene. Andre kyrkjelydar melder om at ungdomsleiarane i "Ønsket og Elsket" også engasjerer seg i lokalkyrkjelyden i andre tiltak for born og unge.

Ungdomsprest Petter Jakobsen og ungdomsarbeidar Silje Nilsen Østensen reiser for tida rundt til kyrkjelydane i prostiet for å drøfte status for arbeidet lokalt.

Publisert 8. juni 2017 av Asgeir Sele.


Del denne artikkel på e-post