Pilegrimskonfirmant

Pilegrimskonfirmant

Pilegrimskonfirmant er eit tilbod for dei som av ulike grunnar ikkje ønsker å vera med på sommarleir. Som pilegrimskonfirmant møter du konfirmantar frå heile Øvre Telemark fire laurdagar til pilegrimsvandring, undervisning og fellesskap.

Laurdagssamlingane varer alltid frå kl. 11.00 til 16.00. Størstedelen av samlinga er ute i friluft, så det er viktig at alle er godt kledd. Dagsvandringane kan vera inntil 5 km og varierer mellom sti og veg. På alle samlingane skal me innom minst éi kyrkje. I tillegg til dei tematikkane som dei andre konfirmantane har på leir, skal me også gå igjennom heile Markusevangeliet. Det er forventa at alle deltakarane brukar to timar i forkant av kvar samling til å lese og setje seg inn i det me skal gå igjennom. 

Pilegrimskonfirmantalternativet er gratis å delta på. Foreldra må sjølv sørge for transport til og frå, og konfirmanten har med seg nistemat til kvar samling. 

Datoar for pilegrimskonfirmantsamlingane 2019-2020 blir lagt ut her innan 1. mai 2019. 

Trykk her for påmelding som pilegrimskonfirmant.  


Del denne artikkel på e-post