Biskopen til køntrigudsteneste

Biskopen til køntrigudsteneste

Køntrigudstenesta i Heddal har blitt ein årviss suksess med mange både lokale og tilreisande deltakarar. I år kjem også biskopen.

Det er femte gong køntrigudstenesta i Heddal vert arrangert. Samarbeidet mellom Betesda, Elim, Heddal Misjonskirke og Heddal kyrkjelyd har blitt lagt merke til og sett pris på av svært mange. Gruppa Salig Blanding står også i år for musikken saman med Maria Engebretsen, Inge Røisland, Oddbjørn Holla og fleire andre. Biskopen skal halde preika, og elles vil representantar frå dei ulike samarbeidspartane også delta med ulike oppgåver i gudstenesta. 

Sokneprest Terje Nyvoll-Todnem oppfordrar folk til å stille i køntrihabitt og lovar at det også vert aktivitetar for borna etter gudstenesta, med sekkeløp, pil og bue og hesteskokasting. Café Olea vil også vera open.


Del denne artikkel på e-post