Verdens flyktningedag

Verdens flyktningedag

Markeringa av FNs verdensdag for flyktningar har blitt ei årviss hending i Øvre Telemark prosti. I år var markeringa lagt til Sauherad.

Tett på 60 personar møtte fram på Evju bygdetun for å vera med på markeringa av at 68 millionar menneske no er på flukt ulike stader i verda. Fleirtalet av dei frammøtte hadde sjølv flyktningebakgrunn. I tillegg deltok tilsette ved flyktningetenestene og vaksenopplæringa frå fleire av kommunane i prostiet, saman med kyrkjeleg tilsette. Det er diakonane i Øvre Telemark som står bak arrangementet. 

På Evjutun starta det heile med apell ved Ragnhild Toyomasu frå Kirkens Nødhjelp, kulturinnslag og matøkt, før det var klart for pilegrimsvanding langs Bøelva. Dagen vart avslutta med minikonsert i Nes kyrkje ved kantor Bruno Hageman.

Publisert 20. juni 2018 av Asgeir Sele


Del denne artikkel på e-post