Prosti-tur til Stiklestad

Prosti-tur til Stiklestad

Til sommaren vert det arrangert tur for kyrkjelydane i Øvre Telemark prosti til Nidarosdomen og spelet om Heilag Olav. Dette er den same turen som Rune Lia har hatt med både kyrkjelydane i Kviteseid, Seljord og Hjartdal på tidlegare. Dei som har vore med har kome med svært gode tilbakemeldingar! No har Rune fått med seg fungerande sokneprest i Holla Leif Raustøl som reiseleiar, og denne gongen går invitasjonen altså ut til alle kyrkjelydane i prostiet. ​

Programmet for turen ser slik ut:

DAG 1: torsdag 25.07.2019    TIL DOMBÅS

Avreise med buss frå Lunde kyrkje kl.08.00 og bussen stoppar undervegs i Bø, Sauherad og Notodden og elles etter behov. Lunsj på Granavolden Gjestgiveri. Søsterkyrkjene på Gran og tidebøn i Mariakyrkja. Eina kyrkje. Borgny Svalastog sin kyrkjekunst. Middag og overnatting på Dombås hotell.     

 

DAG 2:            fredag, 26.07.2019     PILEGRIMSVANDRING

Frokost på hotellet. Fokstugu (gammal skysstasjon) og Guds Huset. Vandring i pilegrimsleden på Dovrefjell. Matpakkelunsj undervegs. Lengde på vandringa tilpassast kvar enkelt. Eysteinkyrkja på Hjerkinn, tidebøn. Buss til Trondheim og overnatting på hotell sentralt i Trondheim. Middag etter eige ynske på ein av dei  trivelege spisestadene ved hotellet.

 

DAG 3:            lørdag, 27.07.2019     STIKLESTAD OG SPELET OM HEILAG OLAV

Frokost på hotellet. Trondheim. Lunsj på eiga hand. Buss til Stiklestad. Stiklestad kyrkje, tidebøn. Stiklestad nasjonale kultursenter.  Middelaldergården Stiklastadir. Folkemuseet. Middag. Spelet om Heilag Olav. Buss tilbake til hotellet i Trondheim. 

 

DAG 4:            søndag, 28.07.2019    NIDAROSDOMEN

Frokost på hotellet.  Gudsteneste i Nidarosdomen. Erkebispegården, evt. kronregaliane. Lunsj i Tyholttårnet. Buss til Røros. Omvising på Ratvolden, Johan Falkbergets diktarheim. Overnatting på Bergstaden Hotell (i sentrum). Middag etter eige ønske, på hotellet eller i byen.   

 

DAG 5:            mandag, 29.07.2019   RØROS OG FEMUNDSMARKA

Frokost på hotellet. Røros kirke, tidebøn. Vandring i Røros gater / Rørosmuseet-Smeltehytta. Buss til Femunden. Evt. båttur over Femunden til Elgå og lunsj etter eige ynskje, på båten eller medbrakt frå Røros. Femundsmarka. Trebåtkultur. Evt. sør-samisk senter og mat i gamme på samisk vis hos familien Mortenson inne i Femundsmarka. Overnatting og middag på Femund Nasjonalparkhotell «Bryggeloftet» på Elgå ved Femunden.

 

DAG 6:            tirsdag, 30.07.2019     ELGÅ OG ENGERDAL – OG HEIM TIL TELEMARK


Frokost på Bryggeloftet. Elgå kyrkje, tidebøn. Buss til Engerdal. Møte med Gjermund Eggen. Lunsj i Engerdal prestegard. Kaffe og kringle heime hos fru Eggen. Buss til Telemark, heime seint tirsdag kveld.

Prisen kjem på om lag kr 8.800,- pr person ved full buss. Tillegg for enkeltrom kr. 1950,-

Reiseleiarar:   Sokneprest i Hjartdal, Rune Lia, tlf.90 98 08 03,   rune.lia@hjartdal.kommune.no

                        Sokneprest i Holla, Leif Raustøl, tlf.46 63 45 48.

Påmelding:     Til reiseleiarane. Turen har plass til 50 deltakarar.

 

Atterhald om mindre endringar i programmet. Turen er open for alle.

Arrangør er Øvre Telemark prosti i samarbeid med LB-TUR.


Del denne artikkel på e-post