Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

RUNE LIA TIL NOTODDEN

RUNE LIA TIL NOTODDEN

Det vart ein fest av ei gudsteneste då Notodden, Lisleherad og Gransherad fekk ny sokneprest. Ikkje minst sørga dei mange musikk-kreftene som var i sving for dette.

Rune Lia (55) har lang fartstid som prest i Øvre Telemark prosti, som sokneprest i Lunde, prostiprest og no sist som sokneprest i Hjartdal. Tidlegare har han også vore skulelagsprest i NKSS og drive eige konsulentfirma.

Ved innsettingsgudstenesta i Notodden kirke var det også mange frammøte frå Gransherad og Lisleherad, dei to bygde-kyrkjelydane der Lia også skal vera sokneprest, i tillegg til Notodden menighet. Under kyrkjekaffien var det mange som kom med velkomstord til den nye soknepresten. I tillegg fekk Anne Berit Sunde blomar og stor takk frå sokneråda for stor innsats som fungerande sokneprest i vakanseperioden som har vore. Sunde går no tilbake til stillinga si så spesialprest i dei same kyrkjelydane.

Foto: Sverre F. Henriksen.

Publisert 25. august 2019.


Del denne artikkel på e-post