Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

Ny sokneprest i Fyresdal

Ny sokneprest i Fyresdal

Søndag 8. september vart Tore Audun Samuelsen innsett som ny sokneprest i Fyresdal.

Både unge og gamle var møtt fram i Moland kyrkje for å ta i mot den nye soknepresten. Så vart det også ein fest av ei gudsteneste, med solosong frå ein av konfirmantane, helsingar frå soknerådsleiar og bispedømmerådsleiar, og rikeleg med kake og kaffi til alle.

Samuelsen kom no frå presteteneste i Valdres, men er opprinneleg frå Asker. Han flytte inn i prestegarden berre nokre dagar før innsettinga og er no i ferd med å installera seg på kontoret i Næringshagen og bli kjent med folk. Konfirmantane møtte han allereie på konfirmantleiren på gjennestad no i sommar.

Publisert av Asgeir Sele 9. september 2019

Bilete: Soknerådsleiar Inger Angell overleverer blom til nyepresten. (foto: Eilev Erikstein)


Del denne artikkel på e-post