Øvre Telemark prosti > Artiklar > Nyheter

Ny nettsatsing i prostiet

Ny nettsatsing i prostiet

"Helg i Øvre Telemark" heiter den nye nettsatsinga som vart lansert fredag 24. mai. 

Då kyrkjene vart stengte midt i mars grunna pandemien, vart det fort rigga ei nettløysing der det vart publisert andaktar og gudstenester kvar dag. I dei vel to månadane kyrkjene var sengte, vart det publisert over 60 sendingar, der 14 av desse var gudstenester på søn- og helgedagar. Noko liknande har aldri skjedd før i prostiet vårt. 

Når kyrkjene no opnar opp att, er det ikkje på same måte trong for daglege sendingar på internett, men grunna svært god tilbakemelding, vel me likevel å ikkje leggje ned nettsatsinga, men å gjennomføre dette i ein ny form som er meir tilpassa den nye situasjonen. Fredag 24. mai lanserte me difor første utgåve av "Helg i Øvre Telemark". Dette er eit kyrkjemagasin som vil kome med ny utgåve kvar fredag. I første utgåve kan du mellom anna få med deg ein reportasje om smitteverntiltaka ved gudstenestene framover og intervu med ordføraren i Hjartdal. I kvar utgåve vert det også "små-nytt" og ein andakt for helga.

"Helg i Øvre Telemark" finn du på Facebook-sida "Kyrkja i Øvre Telemark", og du treng ikkje sjølv vere på Facebook for å sjå denne. Første utgåve finn du her.


Del denne artikkel på e-post