Dobbeltjubileum i Lunde og Flåbygd


I Lunde og Flåbygd kyrkjelyd kan dei markera dobbelt kyrkjejubileum denne hausten. Lunde kyrkje er 150 år gamal Flåbygd kyrkje er 200 år.

 

Søndag 28. august markerte kyrkjelyden jubieléet i Lunde kyrkje med gudsteneste og fest på kyrkjelydshuset Solhaug etterpå. Prosten preika ved gudstenesta, og ordførar Bjørg Tveito Lundefaret kom med helsing på festen etterpå. Ved gudstenesta vart det også markert at Lunde kyrkje no har fått nytt flygel, finansiert av SpareBankstiftelsen Telemark - Holla og Lunde. 

2. oktober er det nytt jubileum. Då vert festgudstenesta i Flåbygd kyrkje, og biskopen skal halde preika. I tillegg til jubileumsgudstenestene, har det gjennom heile året vore ulike kulturarrangement knytt til jubilea. Det er verkeleg imponerande kva jubileumskomitéen har fått til!

Tilbake