
Ønsket og Elsket Øvre Telemark er eit ungdomsarbeid i Den norske kyrkja i Øvre Telemark prosti.
Kva gjer vi?
Vi arrangerer felles tiltak for konfirmantane i prostiet og vi driv eit leiarprogram for ungdomsleiarar frå etter konfirmasjonsalder og oppover.
I slutten av oktober arrangerar vi Konf. Kick-off for alle 9. klassingar i prostiet, på Dyrskuplassen i Seljord. På våren har vi konfirmanttreff i Seljord, med turneringar, konkurransar, aktivitetar og informasjon om Kirkens Nødhjelp og Fasteaksjonen. I sommarferien kjem det som for mange er høgdepunktet i konfirmasjonstida; konfirmasjonsleirar på Gjennestad vgs. i Stokke, der konfirmantane er ei veke på leir. For konfirmantar som av ulike grunnar ikkje får vore med på sommarleirane har vi eit felles pilegrimskonfirmantopplegg.
For frivillige ungdomsleiarar har vi eit systematisk leiaroppfølgingsprogram i inntil fire år etter konfirmasjonstida. Ungdomsleiarane er med som leiarar på alle arrangementa for konfirmantane, i tillegg har vi eigne samlingar, turar og leirar for leiarane gjennom året. Alle som vi vera leiarar på konfirmasjonsleirane om sommarane må følgje vårt leiarprogram.
Kvifor?
Vi ønsker å gje ungdom gode opplevingar saman med andre, og å formidle at alle er ønska og elska, av Gud og i fellesskapet vårt. Det gjer vi ved å skape arenaer der ungdom kan vere saman og ha det gøy, og med stort rom for å dele tankar om Gud og tru. Vi ønskjer å byggja store og robuste fellesskap, med Jesus som eit tydeleg sentrum, der ungdommane både kan få oppleva å vere ein del av noko større, samtidig som det er eit trygt og godt miljø der alle blir sett og er velkomne.
Kven?
Ønsket og Elsket Øvre Telemark er eit arbeid for kyrkjelydane i Øvre Telemark prosti.
Prostirådet i Øvre Telemark er øvste organ.
Vi har tre tilsette: dagleg leiar i 50%, ungdomsarbeidar i 25% og ungdomsarbeidar i 30%, som har hovudansvar for arbeidet saman med tilsette i kyrkjelydane.
Vi er ein del av det nasjonale nettverket i organisasjonen Ønsket & Elsket.
For informasjon eller spørsmål om Ønsket og Elsket Øvre Telemark, kan du ta kontakt med Petter Jakobsen
på tlf.: 909 51 409 eller e-post: petter@seljordkyrkje.no
Lik oss på Facebook!