Kyrkjene opnar for gudstenester


Kyrkjene opnar for gudstenester


Med nye smittereglar for kulturarrangement, er tida inne for at kyrkjene kan opna att for gudstenester.

I Agder og Telemark bispedømme er felles oppstart sett til 24. mai. Stort sett vil ein frå og med den datoen følgja vanleg gudstenesteplan. I nokre sokn har ein likevel valt å gjera nokre endringar i programmet for kva kyrkjer som vert brukte til gudsteneste no medan det er restriksjonar på kor tett ein kan sitje. 

Smittevernreglane for arrangement i kyrkjene går i korte trekk ut på at ein ikkje kan vera fleire i kyrkjerommet enn at det kan vera minst éin meter mellom alle som ikkje bur i same husstand. I tillegg er det utansett eit tak på maks 50 deltakarar. Ved at dåpsseremoniar no i stor grad blir lagt til andre tidspunkt, vil det mange stader likevel halde å gjennomføre berre éi gudsteneste på ein sundag. Men i Kviteseid, Bø og Sauherad vil det bli halde fleire gudstenester kvar søndag. Her har ein difor også vorte nøydde til å operere med førehandspåmelding.

Ved alle gudstenester vil me no vera pliktige til å registrera namn på alle som er til stades. Dette er pålagt oss for å letta eventuell smittesporing i etterkant. Alle deltakarlister vil verta makulerte etter 10 dagar. For meir informasjon om lokale smitteprosedyrar, viser me til nettsidene til dei einskilde kyrkjelydane.

Publisert 23. mai 2020 av Asgeir Sele

 

Tilbake