Prostirådet


 

I førre soknerådsperiode oppretta prostirådet fleire prosjekt med eigne styringsgrupper. Ei gruppe har jobba med utvikling av konfirmant- og leiartreningsprogrammet "Ønsket og elsket". Ei anna gruppe har jobba med utvikling av pilegrimsarbeidet med mellom anna opplegg for pilegrimskonfirmantar. Ei tredje gruppe har jobba med å etablere ei kulturproduksjonseining i prostiet og ei fjerde gruppe har jobba med strategi for å få etablert fleire diakonstillingar.

Leiar for prostirådet har vore Anund Sisjord frå Tuddal. I januar skal det nye prostirådet møte for første gong. Dei vil då konstituere seg, evaluere prosjekta, vurdere kva prosjekt som skal vidareførast og eventuelt vurdere nye prosjekt.

Tilbake