Pilegrimskonfirmant 2025


Pilegrimskonfirmant er eit tilbod for dei som av ulike grunnar ikkje ønsker å vera med på sommarleir. Som pilegrimskonfirmant møter du konfirmantar frå heile Øvre Telemark fire laurdagar til pilegrimsvandring, undervisning og fellesskap.

Velkommen som pilegrimskonfirmant i Øvre Telemark! Dette er eit alternativt opplegg for dei som ikkje har valt å vera med på sommarleiren. Du følgjer som kjent alt det andre opplegget for konfirmantane lokalt, men i staden for leiren på sommaren, vil du delta på fire laurdagssamlingar.

Laurdagssamlingane vil ha eit gjennomgåande pilegrimstema, men me skal også innom dei ulike spørsmåla som dei andre konfirmantane har på leiren.

Kvar laurdagssamling varer frå 12.00 til 16.00. Kvar gong kjem me til å gå litt ute, og vera litt inne. Du må altså vera kledd etter vêret!

Det vert eit enkelt nistemåltid på kvar samling, så du må ha med deg ei enkel niste.

Du skal ikkje betala noko ekstra for pilegrimskonfirmantopplegget, men du må ordne og dekke transport til og frå samlingane sjølv.

Prost Asgeir Sele vil vera med på alle samlingane.

Datoane for samlingane er:

Laurdag 26. april kl. 12.00 til 16.00 i Seljord. (Frammøte ved Seljord kyrkje)

Laurdag 10. mail kl. 12.00 til 16.00 i Brunkeberg. (Frammøte ved Brunkeberg kyrkje. Avslutning Kviteseid kyrkje)

Laurdag 24. mai kl. 12.00 til 16.00 i Seljord. (Frammøte ved Seljord kyrkje)

Laurdag 14. juni kl. 12.00 til 16.00 i Bø. (Frammøte og avslutning ved Bø stasjon)

Du melder deg på som pilegrimskonfirmant ved å nytta påmeldingsskjemaet som det er lenke til nedst på sida. Der skriv du namn, adresse, telefonnummer, eventuelle matallergiar og eventuell annan innformasjon som du meiner me treng. Det er fint om me kan få denne påmeldinga innan 1. februar.

Trykk her for påmelding til Pilegrimskonfirmant 2025.

Tilbake