Statuttar


 

STATUTTAR FOR ØVRE TELEMARK PROSTIRÅD

Vedtekne på felles møte for sokneråda i prostiet 13. desember 2014

§ 1. Øvre Telemark prostiråd er etablert for å fremja felles tiltak i prostiet, knytta til gudstenesteliv, forkynning, kyrkjeleg undervisning, diakoni og kultur. Prostirådet har normalt møte to gonger i året for å setja ned arbeidsgrupper, gi arbeidsgruppene mandat og evaluere arbeidet deira undervegs og ved avslutta arbeid.  Prostirådet kan ikkje gjera vedtak som er bindande for sokneråda eller andre organ.

§ 2. Prosten skal i løpet av første året i valperioden for sokneråd be sokneråda i prostiet uttala seg om dei ønskjer å vidareføra ordninga med prostiråd. Dersom fleirtalet av sokneråda ønskjer det, vert prostiråd etablert/vidareført. Prosten er sekretariat for prostirådet.

§ 3   Prostirådet har éin lek soknerådsmedlem frå kvart av fellesrådsområda i prostiet, éin prest, og éin lek kyrkjeleg tilsett, forutan prosten. Kvart kyrkjelege fellesråd i prostiet vel sin representant med personleg vara. Presten, med personleg vara, vert valt av dei prestane som er i aktiv teneste i prostiet. Den leke kyrkjeleg tilsette, med vara, vert valt av dei leke kyrkjeleg tilsette i prostiet. Prostirådet konstituerer seg sjølv

§ 4.  Statuttane kan berre endrast av fellesmøtet av sokneråd i prostiet..

§ 5.  Ved endringar vert statuttane oversendt dei kyrkjelege fellesråda i prostiet og bispedømmerådet til orientering.

Tilbake