Helse, miljø og sikkerhet (HMS)


 

SAMARBEID OM EIT GODT OG SIKKERT ARBEIDSMILJØ

Øvre Telemark prosti skal vera ein god og trygg stad å arbeida. Prosten er som arbeidsgjevar HMS-ansvarleg for presteskapet i prostiet, medan kyrkjeverjane er HMS-ansvarleg for dei fellesrådstilsette. Det er inngått samordningsavtalar mellom Agder og Telemark bispedømme og det einskilde fellesråd om HMS-arbeidet (sjå dokument lenger ned på sida), og kyrkjeverjen har som største arbeidsgjevar lokalt koordineringsavsvaret for HMS-arbeidet lokalt. Dei fellesrådstilsette har valt lokale verneombod knytt til kvart fellesrådsområde. Verneombod for prestane i prostiet er Tor Eivind Erikstein (tlf. 952 37 673). Det vert halde vernerundar i alle fellesrådsområde kvart år i oktober, der kyrkjeverje, prost og båe verneomboda er med.

Alle prestar har arbeidsavtale og stillingsbeskrivelse som formidlar grenser for forventa arbeidsoppgåver. Prosten held årleg medarbeidarsamtale med prestane i januar, og gjennomfører prostebesøk til alle stabar og sokneråd i prostiet ein gong i året. Prestane møter til tenestekonferanse med prosten 6 gonger i året til drøfting av faglege og tenestemessige spørsmål. Alle prestar får tilbod om arbeidsveiledning i gruppe. I august månad har prosten kvart år samtalar med alle presteteama i prostiet.

I Øvre Telemark prosti har samarbeispartane forplikta seg på å ha eit kontinuerleg fokus på HMS og slik tilfredstilla lovfesta og forskriftsmessige krav i forhold til arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta. (Sjå dokument lenger ned)

 

ÅRSHJUL

Januar:
Medarbeidarsamtalar med alle prestane

Februar:
Prostebesøk i sokneråd og stabar i Nissedal, Fyresdal og Kviteseid
Tenestekonferanse for prestane i prostiet.

Mars:
Legging av arbeidsplanar for 2 tertial
Lokalt kontaktmøte

April:
Prostebesøk i sokn og stabar i Nome, Bø og Sauherad
Tenestekonferanse for prestane i prostiet.

Mai:
Prostebesøk i sokn og stabar i Tokke, Vinje og Seljord

Juni:
Legging av arbeidsplanar for 3 tertial
Lokalt kontaktmøte
Tenestekonferanse for prestane i prostiet.

August:
Teamsamtalar med alle presteteama

September:
Prostebesøk i sokn og stabar i Notodden, Tinn og Hjartdal
Tenestekonferanse for prestane i prostiet.

Oktober:
Vernerundar i alle dei tolv fellesrådsområda

November:
Legging av arbeidsplanar for 1. tertial
Lokalt kontaktmøte
Tenestekonferanse for prestane i prostiet.

Desember:
Tenestekonferanse for prestane i prostiet.

 

RUTINAR

- Planlegging og registrering av arbeidstid
- Konsekvensar av for mange plusstimar
- Registrering av vigselsførespurnadar

 

DOKUMENT

- Arbeidsmiljøloven (Ekstern)
- Internkontrollforskrifta (Ekstern)
- Handbok for systematisk HMT-arbeid i Agder og Telemark bispedømme (Ekstern)
Samordningsavtale med Bø sokneråd
- Samordningsavtale med Fyresdal sokneråd
- Samordningsavtale med Hjartdal sokneråd
Samordningsavtale med Kviteseid sokneråd
- Samordningsavtale med Nissedal sokneråd
Samordningsavtale med Nome kirkelige fellesråd
- Samordningsavtale med Notodden kirkelige fellesråd
Samordningsavtale med Sauherad sokneråd
Samordningsavtale med Seljord kyrkjelege fellesråd
Samordningsavtale med Tinn kirkelige fellesråd
Samordningsavtale med Tokke kyrkjelege fellesråd
Samordningsavtale med Vinje kyrkjelege fellesråd

Tilbake